Introkurs KI på Evje
Positiv kjensle etter KI-kurs som vekte engasjement i Setesdal
- Det skjer mykje veldig fort med KI. Eg er oppteken av kompetanseheving og at me skal kunne klare å henge med på det som skjer for å kunne jobbe meir effektivt. Me blir travlare og meir opptekne, og då må me finne nye måtar å jobbe på, seier Astrid L. Andersen, leiar for service, kommunikasjon og digitalisering i Evje og Hornnes kommune og nestleiar av Digi Agder. Ho påpeikar viktigheita av eit slikt kurs og trur at kurset har hjelpt med å få fleire kollegaer til å sjå verdien av KI.
- KI er ein av dei største potensielle endringsdrivarane framover for små kommunar, seier han. «Viss ein ikkje heng med vil ein ikkje vere ein attraktiv arbeidsgjevar. Her må ein rekkja opp handa og ha lyst til å vere med». Det seier kommunedirektør John Salve Sigridnes frå Bygland kommune, var han si grunn til å delta på kurset. Dette vil bety mykje for utviklinga av kommunesektoren framover, seier han.
På tysdag 14. mai var 58 personar frå kommunane i Setesdal samla på Evje for å delta på kurset "Introkurs i kunstig intelligens". Kurset var laga av Digi Agder og Agder fylkeskommune i samarbeid med Universitetet i Agder. Kurset dekte alt frå kva kommunal sektor kan nytte KI til, generering av prompts, bruk av Copilot, til etikk og retningslinjer. Foredragshaldarane Marco Cattini frå Digi Agder og Camilla Thomassen frå Agder Fylkeskommune leverte eit spennande og interessant innhald som skapte stort engasjement blant deltakarane.
Både Sigridnes og Andersen var einige om at kurset var veldig nyttig.
- Kurset er eit kjempepositivt initiativ. Det er fleire som sit med positiv kjensle att no etter kurset. Det er jo lågterskel, så då er det lett for alle å kunne delta, og kurset er gratis, seier Andersen.
- Det er også bra at me gjer det under #vårtagder og her i Setesdal, påpeiker Sigridnes «Dette er jo kjernen, at me får ting til saman i regionen og spelar på lag, og at vi visar at dette er større enn kvar enkelt kommune”.
Lurer du på korleis du kan nytte KI på arbeidsplassen din, kva du må vere merksam på, og kva norsk og italiensk spagettitilbereding har med algoritmar å gjere? Då bør du melde deg på kurset og verte kjend med verktøy som kan gjere arbeidskvardagen din litt enklare.
Skrevet av Karen Mathilde Liane
Rådgiver Agder fylkeskommune